/sebastian_logo.jpg

You are here  

Har teikna langtidskontrakt

Edda Fides
Edda Fides

Sebastian AS har teikna ein langtidskontrakt med Østensjø Rederi AS i Haugesund. Kontrakten har ein rammeavtale på fem år, der Sebastian først og fremst skal levere DP-relaterte tenester til fartøy som reiarlaget driv.

– Marknaden innan olje og offshore er tung for tida, og der er vanskeleg å skaffe seg slike kontraktar både for store og små selskap. Derfor er vi stolte av at vi har klart å sikre oss ein femårsavtale. Vi kjenner Østensjø som eit veldrive og godt reiarlag og er glade for å vere ein av deira samarbeidspartnarar, kommenterer dagleg leiar Johannes Kr. Bjøringsøy i Sebastian.

Selskapet har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og mobile offshoreinstallasjonar. Bjøringsøy meiner Sebastian har utvikla det beste verktøyet og samla den beste kunnskapen med tanke på å forhindre operasjonelle avbrot, nedetid, uhell og ulykker.

Østensjø Rederi AS er eit stort reiarlag som driv innan både offshore, taubåttenester og store hotellskip. Sidan starten i 1974 har reiarlaget bygd opp milliardverdiar og har i dag 28 skip samt 9 nybygg under produksjon. Selskapet har over 500 tilsette. Nyleg skreiv Østensjø kontrakt med eit anna Ulstein-selskap, nemleg Kleven Verft, om bygging av eit 150 meter langt avansert offshore konstruksjonsskip til 1,4 milliardar kroner.

Rammeavtalen inneber at Sebastian utfører teknisk analyse av fartøy, yte assistanse i samband med operasjonelle styringssystem – og syte for ei effektiv gjennomføring av FMEA-tenestene (Failure Modes an Effects Analysis). Med 20 års erfaring innan olje og maritim industri har Sebastian samla opp kunnskap og erfaring over ein brei skala. Teamet i selskapet har omfattande erfaring frå arbeid på verft, mobile offshoreinstallasjonar og om bord i skip.

Sitat:  - I Østensjø er vi opptatt av å knytte til oss den aller beste ekspertise innen områder vi har definert som operasjonelt kritiske. Vi ønsker å benytte oss av Sebastian AS innen DP for å kunne møte kunders stadig mer utfordrende ønsker og krav. Vi er avhengig av være best når vi ute og konkurrerer om jobbene. Sveinung Zahl, Operations Manager.

Contact:

Sebastian AS
Sjøgata 61
N-6065 Ulsteinvik
Tel: +47 70 08 11 99

Menu:


Membership:



Visit us at:

  Facebook

  LinkedIn